Tekst: Olga Skrinde

Rekk ikkje å lesa bøker, seier folk.  Kanskje  skal vi  bli flinkare til å foreslå dikt som på mange måtar er konsentrert litteratur som er rask og lesa.  Men likevel mykje å tenkje på. Dikta lagar bilde i oss, set kjenslene i gang og gjer at vi tenkjer lenger enn vi elles kunne gjort. Dikt er humor og alvor, lange og korte, rim og rytme, eller slettes ikkje?

I eBokBib er dikta så lett tilgjengelege  og det er inga venteliste. Du kan lesa diktet nå med ein gong! Blant dei 100 samlingane er det nye og gamle dikt, norske og gjendikta frå andre språk.

Her er nokre smakebitar:

Lars Saabye Christensen: Frå diktet «Ark» i samlinga «Kargo».

Døden er enstemmig
Livet et blandet kor
Alt skal med
Pose og sekk
Jeg er et opphørssalg:
Alt skal vekk

 

Kjersti Wøien Håland: «Panikk»

panikken kom
uinvitert
opna ribbeina
med brekkjern
gjekk rett inn
ho er her framleis
nokre gonger held
vi hender i kinosalen

Hege Woxen: »Endelig står verden på hodet: dikt».

De triste diktene
hører ikke til her
i alt som er vårt.
Du får hagen til å vokse
bærbusker, epletrær,
blomster i kasser.
Jeg graver notatbøker
og tulipanløk ned i oktober,
til natten blir det frost

 

Ayana Kawata: Tid av himmel,  gjendikta frå japansk av Ika Kaminka

Blod er alltid blod
slik blått er blått
Modnet av tørst eksploderer appelsinene uopphørlig

Translate »