Publikumsutvikling på biblioteket

Akershus fylkeskommune satser tungt på publikumsutvikling. Enebakk bibliotek fikk tilskudd fra Akershus fylkeskommune innenfor publikumsutviklingsordningen i fjor. Biblioteksjef i Enebakk, Oddmund Kårevik, har her skrevet en gjestekommentar der han deler sine erfaringer med å arbeide for å inspirere ungdommen i kommunen til å besøke biblioteket.

Akershus fylkeskommune ønsker å bidra til et demokratisk og inkluderende kulturliv i fylket. Som en del av dette er publikumsutvikling et viktig satsingsområde. Publikumsutvikling dreier seg gjerne om å nå ut til nye målgrupper, som tilfellet også har vært for Enebakk bibliotek.

Fylkeskommunen samarbeider med Norsk publikumsutvikling og Opinion om kartlegging og videreformidling av ny kunnskap innen feltet, og Enebakk bibliotek har nyttiggjort seg tilgang til ressurser og tjenester herfra. 

Ønsker du å komme i gang med publikumsutvikling for din organisasjon? Ta kontakt med Akershus fylkeskommune for å få inspirasjon, verktøy og støtte i prosessen!

Gjestekommentar

«Du blir aldri ferdig»

Å arbeide med publikumsutvikling på biblioteket

Av Oddmund Kårevik

Siste året har Enebakk bibliotek arbeida aktivt med eit prosjekt i publikumsutvikling. Dette er del av ei større satsing frå Akershus fylkeskommune som samarbeider med Norsk Publikumsutvikling og Opinion. Det har vore eit krevjande prosjekt, men også veldig givande.  

Me som har fått prosjektmidlar til publikumsutvikling er del av læringsnettverket til Akershus fylkeskommune. Eg har vore ein av få med bibliotekbakgrunn der. Det er lærerikt, for då kan ein betre sjå seg sjølv utanfrå. Det som gjer læringsnettverket spennande er nettopp det tverrfaglege aspektet. Her kjem folk frå mange ulike fagfelt, og eg blir inspirert av denne måten å arbeide på. Eg lærar av dei andre, og dei har mange friske idear til meg. Dette handlar også om posisjon. Å vere i mindretal frå mitt felt, gjer at eg må tenkje meg meir om. Eg snakkar ikkje til «menigheten» og må kan hende bruka andre ord? Eg kan til dømes ikkje berre slenge ut omgrep som «møteplass» og så skjønar alle automatisk kva eg snakkar om.

Prosjektet vårt har endra seg fleire gonger undervegs. For oss har det handla om å finne målgruppe, og smarte mål. Me har landa på at me skal arrangere skriveverkstad. Forma skal vere avslappa og munnleg. Deltakarane får mat og drikke. Me skal tilby den unge målgruppa ein verestad der dei kan henge, og ei opningstid berre for dei, eksklusivt. Her siktar me både på eit kjent og eit nytt publikum som me tilbyr eit nytt innhald. Eit meir langsiktig mål er at denne målgruppa i større grad skal sjå at bibliotekets kjente innhald også kan vere relevant for dei. Me har også søkt oss mot alliansepartnarar for gjennomføring i kommunen, sidan Enebakk er delt og biblioteket ligg perifert. Me kjem til å arrangere ein verkstad i samarbeid med REST, som er ungdomsklubben i Ytre Enebakk.

Me har hatt eit svært godt samarbeid med Opinion. No-situasjonen er at me ikkje når ut til dei unge i særleg grad. Det har gitt Opinion ein ærleg posisjon og navigere ut ifrå til sine undersøkingar.

Opinion gjennomførte ei kvalitativ etnografisk studie i form av grundige samtalar, observasjonar, triader og minigrupper med ungdom. Feltarbeidet vart gjennomført på ungdomsskolen der ungdom «heng» og et lunsj, som utanfor Kiwi. Opinion såg på kva som opptar ungdom i Enebakk generelt, og spesielt på korleis dei oppfatta biblioteket. Ungdommen fekk spele inn nye idear for biblioteket, slik at det kan appellere i større grad enn det gjer i dag.

Me har lært veldig mykje av rapporten Opinion utarbeida for oss. Det å få i tale ei gruppe me i så liten grad ser og kjenner, gav oss ei unik innsikt i kunnskap me elles aldri får. Nokre av dei funna me særleg merka oss er at biblioteket i Enebakk forsvinn heilt ut dei unges medvit når dei begynner på ungdomsskolen. Lærarane snakkar ikkje om det, foreldra snakkar ikkje om det og me er for lite synlege på dei sosiale media der ungdommen er. Her kan det både vere ganske små grep og meir omfattande grep som må til. Eit enkelt grep kan vere at biblioteket deltek på foreldremøte og informerer om våre tenester og aktuelle prosjekt. Eit anna grep er å vere meir synleg og med eit meir aktuelt innhald i sosiale media. Meir omfattande grep vil vere å bygge om bibliotekrommet for gruppa. Her peikar rapporten til Opinion på at brukargruppa sjølv kan bli involvert i utforminga (make your own).

For meg har arbeidet med publikumsutvikling blitt noko mykje større enn prosjektet me først søkte pengar på. Å arbeide med publikumsutvikling er eit kontinuerleg arbeid der ein heile tida evaluerer seg sjølv og lærer av erfaringar. Og me blir ikkje ferdig.  Innimellom kan det vere frustrerande, men det er også akkurat her arbeidet blir meiningsfullt og gøy.

Her kan du lese hele rapporten om ungdom i Enebakk og biblioteket (lenke).

Translate »